onsdag 13. august 2014

Sider med herlige Scrapfabriken-kort


Tidligare i sommer fekk vi i Designteamet 3 pakker kvar med temakorta til Scrapfabriken; Fika, Dokumentera og Födelsedagar. Eg bruker mest kort med norsk eller engelsk tekst så det var uvant å no bruke svenske kort, men det gjekk heilt fint. Nokre kort har eg brukt som dei er, mens nokre kort har eg fiksa litt på så dei passa sida mi bedre.

Sida ovenfor er laga med korta i  "Dokumentera". I 4x6 lommane nede til venstre og oppe til høgre satte eg sammen to 3x4 kort under bilda. Det lille eg har brukt av pynt er figurer som eg har puncha eller klipt ut fra temakorta.
Bildene er fra ein ferietur vi hadde for mange år sidan.


Her har eg brukt kort fra temapakken "Födelsedagar". Dette var eit sett med herlige bursdagskort i ulike farger så det kan passe både til jente- og guttebursdager.
Anledningen eg har scrappa er eldstejentas 13-årsdag, og sidan gjestane var med på mange av bilda fra bursdagen så måtte eg "blur'e" desse bilda litt. Dette var det siste selskapet dei hadde ilag mens dei gjekk sammen på barneskulen...no er dei ungdomsskuleelever og er i ulike klasser. Det er grunnen til at eg tok eit fellesbilde av dei...og så var det så herlig og "i tiden" at dei måtte sjå korleis bilda blei på mobilen etterpå :)


Eg forelska meg i desse korta i "Fika"-pakken. Dei var nydelig dekorert i herlige farger med tema som kan passe både til bakst, kaffi og te.  Eg hadde ikkje så mange bilder liggande som passa til akkurat dette temaet, men brukte dei eg fann (og gleder meg til å få brukt dei resterande korta seinare når eg har dei riktige bildene).
Eg fann eit bilde av ei Oreo-kake og eit par bilder med ein av yndlingskoppane mine (pluss pulverkaffi og magasinet eg las "akkurat då").
Her har eg også satt sammen to 3x4 kort i 4x6 lommane. Litt av pynten har eg klipt ut fra temakorta og litt er fra eige stæsj.


Tusen takk til Scrapfabriken for at vi fekk prøve desse herlige temakorta :)



4 kommentarer:

  1. For noen flotte skjønne sider du har laget :)

    SvarSlett
  2. Gjentar meg selv, så gøy å se hvor forskjellig sidene blir selv om det er brukt kort fra samme kit :)

    SvarSlett