mandag 2. mars 2015

Vinterferie-sider

Vi har ikkje vore på vinterferie tidligare pga. jobb, gård og andre ting- men i år var det vår tur. Vi køyrte over fjellet og hadde ei fin langhelg på Per's hotell på Gol. Derifra var det kort vei til ulike ski-plasser, og vi hadde også mulighet til å bade (i Tropicana). Greit å ha ein backup dersom været skulle bli dårlig og vi ikkje kom oss på ski.

Sidene er laga i Project Life appen.

Ein dag i Hemsedal med slalåm, leik og litt langrenn.  Kartet (øverste til venstre) er funne på nettet.

Neste dag testa vi ut ein ny plass og her var det mykje meir sol og bedre lagt rette for både slalåm og langrenn. Mannen og dei tre eldste gjekk på slalåm, mens eg og minstejenta leika i bakkane, kosa oss i kafeen og varmestova, og såg på dei andre.

Den siste dagen tenkte vi å bade litt før vi reiste heimover, men sidan det var så nydelig vær testa vi heller ut ein anna ski-plass...

Det var ein herlig vinterferie med mange gode opplevelser og nydelig vær. Og då vi kom heim var det fort gjort å sette sammen bildene i Project Life appen.

~ DT Linda S ~

1 kommentar:

  1. Ser ut att ha varit en helt härlig vinterferie! Många fina bilder och mysigt att ha minnena samlade så här!

    SvarSlett