torsdag 30. juli 2015

Møte med Becky Higgins og Osloturen min

Tekst henta fra instagrammen min (aivili): " Tenk deg at du fekk treffe nokon som du såg opp til... nokon du aldri hadde sett for deg at du skulle møte pga. avstand og fordi han/ho var ein "kjendis" innafor noko du likte. Eit forbilde, ein artist, forfatter, kunstner, idrettstalent el.l. Eg har fått treffe Becky Higgins! Eit av dei største navna innen scrapbooking. Dama som står bak Project Life. Det er uvirkelig at ho kom hit til lille Norge..."
Då Hobbykunst tidligare i år annonserte at Becky skulle komme til Norge trudde eg det nesten ikkje. Det er vanskelig å forklare den spente og glade følelsen eg fekk då, og eg var ikkje sein om å bestille billetter til begge kursa hennar.

Denne herlige dama hugser eg fra tida ho jobba i Creating Keepsakes. Og eg har fulgt ho i sosiale medier sidan 2010-2011, sidan den gongen eg oppdaga Project 365 (seinare Project Life). Eg fulgte spent med på utviklingen av Project Life og tok til meg alt av inspirasjon og ideer innen dette. Og då eg var på kurs med ho gjekk det opp for meg at vi tenker ganske likt innen scrappemåten vår (men det er kanskje ikkje så rart sidan ho er inspirasjonen min). Det er viktig for meg å få flest mulig av familiebildene våre i album, og sidan det skjer så mykje i kvardagslivet så må det meste av pynten eg har liggande fortsatt få ligge i fred..og så blir sidene laga "quick, simple and done".

På det eine kurset fekk eg bla. dette minialbumet og bestemte meg for å bruke dette til denne helgas bilder.

Eg fekk signaturen hennar inni og har satt inn autograf-kortet hennar først i albumet. Her har eg også med teksten som eg skreiv ovenfor "tenk deg....."


Eg følte at eg måtte ha med ei forklaring om kvifor dette møtet var så stort, sånn at ungene mine og andre som ser i albumet kanskje skjønner det litt bedre. Derfor har eg med historien til kvifor eg er så glad i Project Life på desse sidene.

Bildene eg tok på kursa var ikkje nok til å fylle albumet. Men eg tok bilder heile helga og då var det ikkje så vanskelig. Det er ikkje ofte eg er på tur uten familien min, og det er lenge sidan sist eg var i Oslo, derfor tok eg bilder overalt. Desse er fra tidlig fredagsmorgon for då kom eg til Oslo kl 6 med bussen. Det blei nokre timers venting før butikkane åpna.

Sidan eg hadde så god tid om morgonen gjekk eg ein tur bort til Operataket og nøt nokre timer i den flotte morgensola, vel vitende om at det var regnvær og surt heime.


Mine to eldste sendte meg bilder av kle dei ønska eg skulle kjøpe til dei. Og det var veldig greit sidan dei er blitt så store at dei har klare meininger om kva dei liker. Då kunne eg gå inn i klesbutikkene og vise fram bilda for så å kjøpe desse plagga. Mens mine to yngste er enklere å kjøpe til.. og så er det jo litt kjekt å gå innom leikebutikken og finne fine overraskelser til dei.

Her har eg med ønskebilda, bilder fra mine små matpauser og deler av eit kart over området eg var i.

Etter ein lang dag i sentrum traff eg veninna som eg skulle på hotell og kurs med. Vi køyrte til hotellet, og dagen etter var det tid for kurs og møte med Becky. Eg hadde nok litt sommerfugler i magen då.


På Exclusive kurset fekk alle litt tid sammen med Becky der vi kunne vise ho kva vi hadde laga. Eg tok ikkje med meg dei tunge albuma mine, men tok heller bilder av nokre av sidene i dei ulike albuma og viste ho desse på Ipaden. Eg hadde også med eit minialbum med bilder og tekst om mine forfedre, og dette likte ho så godt at ho ønska å ta bilde av albumet mitt for å vise litt av dette på sin eigen instagram og Facebook.

Eg spurte Becky om ho kunne skrive ei personlig helsing på eit kort som eg kan bruke i familiealbumet vårt. Dette tenker eg at eg kan kopiere opp og bruke i fleire av albuma våre. Då kurset var ferdig møtte eg mannen hennar på vei ut, og sidan Becky har skreve mykje om han i soiale medier så tenkte eg at det kunne no vere artig å ha eit bilde sammen med han også.

 Eg fulgte spent med på Becky's instagram både før og etter kurset, og nokre av bilda tok eg skjermbilde av. Dei var jo var ein del av opplevelsen dei også.


Dette var eit lite knippe av sidene i albumet mitt. Som dere ser så er det ikkje heilt ferdig, og ein del av teksten mangler (for det er det som tar tid å få gjort). Men dere fekk iallfall eit lite innblikk i denne minnerike juni-helga mi.

Albumet er eit minialbum str 6x8 in  (15,2x20,3 cm). Korta eg har brukt er fra minikit'et Daydreamer og fra Core-kit'ene Dreamy og Dear Lizzy.

~ DT Linda S ~

3 kommentarer:

  1. Så herlig album! Og et koselig minne fra ei stor helg for deg. :)
    Dette blir flott å ha til senere. :)
    Og heldige deg som fikk møte Becky.... ;)

    SvarSlett
  2. Så kjekt å lese. Høres ut som en flott helg!

    SvarSlett
  3. Så kjekt å lese. Høres ut som en flott helg!

    SvarSlett