tirsdag 25. august 2015

Project Life kit fra Scrapomania


Denne måneden var eg den heldige som fekk eit kit fra Scrapomania

Dette var eit nydelig kit med mykje gull og glam, bla. mønsterark, kvit kartong, ein pakke PL kort og diverse pynt. I kit'et var det også to "fotolomme-sider" fra Becky Higgins (design A og H)... To av mine favoritt-lommer :)

Design H er ei halv Design A-side. Her ligg dei ved sidan av kvarandre sånn som eg kjem til å ha dei i albumet.

Eg måtte tenke meg litt om då eg skulle finne bilder til dette kit'et og enda opp med bilder som eg tok av minstejenta då ho var 11 måneder. Eg likte å ta bilder av detaljer, og spesielt av små og lubne bein som ho etterkvart ville vokse av seg. Sidan eg ofte bruker mest rosa og lyse farger til babybildene så var det litt utfordrande å bruke gull og mørke farger denne gongen.

Her ligg Design H oppå Design A-sida (til venstre) og då kan man nesten ikkje sjå at det er to separate sider.

Baksida av Design A-sida.
Det første året tok eg bilder av minstejenta kvar måned sammen med ekorn-bamsen hennar.


Detaljer:
Eg delte Y'en i to. Den øverste delen er limt på bildet, mens bunnen er limt utanpå fotolommen. 

Nokre gonger synest eg korta blir litt voldsomme så då bruker eg gjerne litt pynt oppå for å roe det ned. Eg markerte gull-ordet ved å tegne svarte kanter rundt det.

Pil med bling på

Tusen takk Scrapomania for det herlige kit'et eg fekk prøve!

~ DT Linda S ~



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar