mandag 22. mai 2017

101 Dalmantinere


Scrapper gamle bilder av yngstejenta vår.
Det blei mykje leiking på denne sida her. Siden eg ikkje hadde ferdige PL-kort
med rosa Dalmantiner-mønster, (veit ikkje om det eksisterer eingong..), så måtte eg
laga det sjølv :-) Eg mala eit akvarellpapir rosa, og delte det opp til å passa lommene.
For å få Dalmantiner-effekten, embossa eg svarte flekkar/prikkar på nokre av korta.(Brukte sjablong). Fuse toolen blei testa...Brukte ei stjerne-die og fusa rundt den.
Før eg var kommen heilt rundt, putta eg litt småperler inni.
Det meste av pynten er stansa ut i akvarellpapir, og noko av det er mala med akvarellmaling.




 Litt nærbilder....



Skyene er stansa ut i vellum..






Det blei ei side med "spreke" farger dette, men det er akkurat slik eg likar det.
Eg er glad i å bruke fargar :-)

Ha ein fin dag!!
Klem fra Mona E.



1 kommentar:

  1. Oooo, so flott PL.
    Likar godt dei heimelaga korta og fyttifletta for ei stilig stjerne ♥

    SvarSlett