mandag 20. april 2015

Glimt fra mitt feriealbum: I dyreparken (2)

Her er nokre sider fra eit feriealbum eg har laga. Det blir tatt ganske mange bilder når vi er på ferie, så når vi er komt heim er det viktigaste for meg å få bildene i album. Då blir det å plassere dei i lommer, deretter skrive litt tekst på kort eller direkte på bilda. For så å putte inn eit pyntekort her og der. Litt ekstra pynting kan forekomme, men eg gjer ikkje så mykje ut av det.

Då vi var i dyreparken blei det kjøpt litt klesplagg, så eg tok vare på merkelappane og brukte dei i albumet. På denne sida har eg med bilder fra då vi vann på melkesjokolade-hjulet. Det var stor stas :)

Eg liker å ha med bilder av både opplevelsane og omgivelsane, for det er så mange ting som er med på å gi den gode ferie-følelsen. Det var mykje fint å få kjøpt i dyreparken, men sidan vi verken hadde råd eller plass til alt så tok vi heller bilde av tinga vi såg.

Då vi kom over elefanten i butikken kom eg på at eg tok eit bilde av eine jenta mi oppå den sist vi var her (for 6 år sidan). Derfor tok eg eit nytt bilde denne gongen, og fann fram det gamle. Og satte dei begge inn i dette feriealbumet (dei to øverste bilda).

Dette var nokre enkle sider uten så mykje ekstra pynt. Men det er ofte sånn eg gjer det. Med ein familie på 6 så blir det tatt mange bilder, og for å få ferdig albuma så kan eg ikkje alltid ta meg så mykje tid til å pynte og stæsje så mykje. Men det er det som er så fint med Project Life. Man kan gjere så mykje eller så lite ut av sidene som man ønsker sjølv... Nokre sider kan eg ta meg god tid med viss eg ønsker det, mens andre går raskere og lage...men blir fine og inneheld like gode minner sjølv om eg berre bruker nokre pyntekort her og der.

Eg har delt fleire sider fra dette feriealbumet tidligare. Dei kan dere sjå her: Glimt fra mitt feriealbum og her:  Glimt fra mitt feriealbum: I dyreparken .

~ DT Linda S ~


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar