søndag 27. januar 2019

Bak skyene er himmelen alltid blå

Idag har eg to sider eg vil vise som inspirasjon til utfordringa vår. Eg klarte ikkje å plukke ut berre nokre bilder, slik blir det når vi tar veldig mange bilder.. Til jula 2017 fekk svigers billetta med skyliften i Loen av oss i julegaver. Men vi fant jo aldri tid til å komme oss avgårde. Så når vi endelig bestemte oss, ja då låg skodda tjukk og det blei ikkje bedre jo lengre innover vi kom heller. Vi blei jo litt bekymra for at vi ikkje skulle komme oss opp. Vi hadde lite lyst å sitte på toppen av Hoven i tjukk skodde...

Men som dere ser av sidene blei det ein heilt magisk tur. Det var fantastisk når vi nærma oss toppen og kom ut av skoddedotten og du såg blå himmel og sol. Det var like rart å kjøre nedatt i skodda, som ein kan sjå på siste bilde på siste sida



Det blir nok ikkje siste gangen vi gir opplevelser i gaver. Mykje kjekkare å finner på noko ilag og kunne samlast. Istedenfor å gi ting dei kanskje ikkje trenger... Svigerermor blei veldig fornøyd og trur svigerfar likte turen og.


Bildene skulle jo ha avrunda kanta, men eg finner ikkje den kutteren akkurat no. Så då får det bli uten...

Eg har brukt grått alfabet, Buttons "Smil" og tekst klistermerke "Topptur" alt frå Papirdesign.



Kom og bli med på utfordringa vår Alt er lov, den varer heilt til 15. februar.

DT-Annelen

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar