søndag 19. mai 2024

Flåklypa

Heisann, i dag er det DT-Annelen som skal vise ei PL side. Denne gangen er det bilder frå ferien 2014.... Dette er frå turen vår heimatt frå ferie, kjekt når man har tid og mulighet å stoppe innom ulike plasser, som ikkje alltid er planlagt. Denne gangen kom vi over Huset Aukrust i Alvdal, vi måtte jo berre innom. Her var det mykje å sjå på. 


Eg tar jo vare på altmulig når vi er på tur, denne gangen blei armbandet vi fekk på oss, med meg heimatt. Og det blei brukt på denne sida. Synst det blir fint med litt slike minner på sida og... 


Huska ikkje kor PL-kort og pynt er i frå, men har brukt lite av det. Var vanskelig å plukke ut bilder eg ville ha med... 


Det var det eg hadde for idag, ønsker alle ei fin pinse. Takk for titten. 

DT-Annelen 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar