torsdag 19. juni 2014

Project Life på ferie


Når vi reiser på ferie om sommeren pleier eg å ta med litt hobby-aktiviteter. Eit eller anna småpussel som ikkje tar så stor plass, noko som er enkelt å ta fram når eg ønsker det og som eg gjerne kan holde på med sammen med ungane. Veska på bildet ovenfor kjøpte eg før ferien i fjor og den passer perfekt til dette formålet.

I år som i fjor kjem hobbyveska mi til å vere sterkt prega av Project Life. Det som tar lengst tid når eg lager feriealbum er å sette sammen fleire bilder på eitt bilde (som ein kollasj) og å skrive tekster fra turen. Så istedet for å sitte med alt dette når eg er komt heim så prøver eg å få gjort litt kvar dag på ferie. Kvar kveld set eg sammen bildekollasjer (i 10x15 cm størrelse) på iphonen, og skriv tekster fra dagens hendelser på dei medbrakte korta.

I hobbyveska mi (som også kan kalles Project Life veska mi) har eg dette:

Eit knippe tekstkort fra Core Kit'et eg tenker å bruke i feriealbumet- i dette tilfellet dei herlige korta fra  "Honey". Desse har eg lett tilgjengelig sånn at eg enkelt og raskt kan skrive små tekster i løpet av dagen som td. gullkorn fra ungane eller notater fra ein spesiell opplevelse. 

Ferie-inspirerte tekst-kort som eg har printa ut, og mønsterark i passe størrelse som eg kan pynte på viss eg føler for å lage noko. Eg har også med nokre kvite, blanke PL kort som eg kan pynte eller la ungane bruke til å tegne eller skrive på.

Småpynt i ziplock-poser, ein med tema "sommer" og ein med tema "nøytral". Eg har laga sånne poser for fleire av Core kit'a mine også- med pynt i farger som matcher fargane i Core-kit'a. Då går eg gjennom stæsjet mitt og plukker ut alt av småting som kan passe i posane.

Litt meir pynt

Diverse utstyr; limfirkanter, gluedots, limstifter og sakser til meg og ungane, tusjer, penner, hjørne-punch og Cat's eye.

Inspirasjon. Nokre gonger treng eg litt idèer, så eg printa ut nokre sider med bilder fra nettet i fjor. Pinterest blir også brukt til dette.

Eg har med Promarker tusjer og  ferdigstempla kort. Desse er enkle å ta fram når eg ønsker å ha noko lettvint å holde på med.

For nokre år sidan var min og ungenes feriehobby å lage "kreative dagbøker" (litt alà Art Journal). Mi blei berre brukt denne sommeren, men ungane bruker fortsatt sine kvar sommer. Dei skriv gjerne notater fra dagen som har vore eller tegner i den. Derfor har eg også med litt klistermerker og anna pynt som dei kan bruke til dette.
Eg har skreve litt om desse kreative dagbøkene i min eigen blogg her: Kreativ dagbok.

Dette var eit innblikk i ferieveska mi og korleis eg gjer Project Life på ferie. Det er ikkje alltid eg får brukt alt eg har med, men det er heller ikkje intensjonen. Før veslejenta kom til verden hadde eg og dei eldste god tid og mulighet til å holde på med sånt. Det har blitt litt mindre av sånt dei siste åra, men desse hobbygreiene er ikkje ein MÅ-ting.... det er ein hyggelig ting å holde på med når og viss eg/vi har litt tid til overs og føler for å lage noko.

I april la eg ut eit innlegg med Glimt fra mitt feriealbum, og muligens kjem det fleire sånne "glimt" i mitt neste blogginnlegg.


~ DT Linda S ~


1 kommentar:

  1. Vilken fantastisk organisatör du är!

    Själv skulle jag aldrig klara av att göra ett album såhär, men det är likväl mycket inspirerande att se hur du lägger upp det! Kul med korten som barnen själv ritar och skriver på - en idé jag tar med mej på direkten!

    SvarSlett