søndag 29. august 2021

Kyrkja 2032 moh

Heisann, i dag er det min tur til å komme med litt inspirasjon. I år som i fjor blei det Norgesferie. I år fekk eg meg nokre dager med ei venninne. Vi reiste til Lom og skulle gå nokre fjelltura, denne sida er frå første turen vår. Her fekk eg virkelig testa høydeskrekken min... Eg har nesten litt problemer med å forstå at eg kom meg opp og ned... Men jammen gjorde det godt for mestringsfølelsen både det å komme seg opp og ned att :)


Denne gangen blei det ein del bilder, vanskelig å plukke ut, og enda er det fleire eg kunne tenke meg å hatt med...


Fant ikkje nokre PL-kort som passa, så denne gangen har eg brukt mønsterark frå Maja Design. Fant ut at stjerner passa fint, sidan eg trossa høydeskrekken min og kom meg opp. Så fant eg ein dies med ein tursko, som måtte bli med :) Klistermerke med tekst er frå Papirdesign


Det var det eg hadde for i dag:)
Ha ein fin dag

DT-Annelen


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar