Ungane mine har alltid syntest det har vore stas med skuleboka som har "databilde" inni coveret, og i år var det gutten sin tur å ha denne. Eg har også med eit bilde av den første låneboka hans denne høsten.
Eg set ofte sammen to ståande bilder før framkalling sånn at dei passer i lomme-sidene eg bruker mest (Becky Higgins' Design A). Nokre gonger bruker eg heile bildet i ein 4x6 lomme, eller så deler eg dei opp og set dei i 3x4 lommane.
Eg bruker appen Pic Stitch på iphone/Ipad eller Photoscape på pc'en til å sette sammen bilder.
Rutine kvar gong eit nytt skuleår starter er å legge bokbind på ein haug av bøker :)
Dagen før skulestart la eg ut eit bilde med barnas sekker på Facebook, så eg tok eit skjermbilde av dette og av kommentarer eg fekk til bildet. Eg tok også eit kvardagsbilde då dei var på veg til skulebussen. Det får meg til å hugse den følelsen det var å sjå dei gå ut døra for å gå på skulen første gong denne høsten, og den var bla. litt spent sidan eldstejenta hadde sin første dag på ungdomsskulen.
Dette bildet har eg laga i appen Scrap It: School Days HD. Kvaliteten er ikkje så god på bilder eg lager i denne appen, men det går greit å framkalle dei i 4x6 størrelse. Det fins fleire Scrap It- apper å velge mellom.
Og så var det barnehagestart for minstejenta, og det er jo alltid like spennande for man håper jo at det skal gå bra (og det gjer det som regel) :)
Dette bildet har eg laga i appen Martha Stewart Craft Studio. Bildene og korta eg lager i denne appen blir heller ikkje så store at eg kan framkalle dei i stort format, men det fungerer fint for 4x6 bilder.
~ DT Linda S ~
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar