onsdag 14. oktober 2020

Hotellet vårt i Krakow

 Då er det min tur til å komme med litt inspirasjon. Idag har eg måtte leite i bilderarkivet igjen og fant nokre bilder fra bilturen nedover til Polen. Den gangen eg framkalte desse bildene, var ikkje eg begynt med PL og bildene måtte klippes til og to av dei store var mindre enn det som passa i lommen. Så dei måtte og klippes til og eg har brukt kvit kartong bak dei... Det som var skummelt no når eg berre hadde dei bilda eg hadde var å klippe i dei som skulle i dei små lommane, eg målte fleire ganger for å vere heilt sikker på at dei ikkje skulle bli for små.


Og frustrasjonen blei jo stor når eg såg at dei to nederste bildene var for små til lommane. Men det gjekk jo fint å bruke kartong bakom, bildene måtte klippas litt. Så då tenkte eg at det gjere jo ikkje noko om man klipper feil, det går som oftast alltid an å bruk dei på ein eller anna måte. 

Denne gangen viser eg hotellet vi budde på i Krakow, eller det var no eit lite stykke utafor. Vi reiste lenge den dagen vi kom til hotellet og vi rota oss vekk, eller gps rota oss vekk. Vi måtte tilslutt ringe hotellet og kordan ho forstod kor vi var er heilt og klarte å få oss til hotellet er heilt utrulig. Når vi endelig kom fram var det jo midt på natta.

Og litt utpå formiddagen fekk vi frukost på rommet, for ein service, men vi hadde bestemt oss for at vi kom ikkje til å stå opp til frukost. Så det var jo ein veldig hyggelig overraskelse og veldig godt å få sove litt etter ein lang biltur. 

Denne gangen har eg brukt to kit eg hadde liggande og den svarte teksten er ifra Tim Holtz

Det var det eg hadde for idag

DT-Annelen


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar