onsdag 14. desember 2022

December Daily 2020

Hei, idag er det DT-Annelen som skal vise litt julesider. Eg begynte så fint på album i 2020, men kom ikkje så langt i det... Så målet er å få det albumet ferdig... For 2021 blei det ikkje starta på December Daily... 

Tenkte eg kunne vise første sida i albuen igjen, her har eg brukt fusen min, som eg skulle brukt mykje meir.. Pynta nokre lommer med glitter og stas... 




Den 7. desember fant eg ingen bilder, så då lagde eg ei side, der eg skreiv ned julekakene som skulle bakast. Her har eg klipt ut ein sirkel og lagt stjerner rundt, fant ideen på Pinterest . Bakom sirkelen har eg festa eit prikkete acetat ark. 



Vi eller min samboer prøvde å lage rødkål og surkål ett år, det må ha vore det beste eg har smakt, så no vil vi ikkje ha noko anna enn heimelaga. Det måtte jo dokumenterast. Så dei neste sidene er frå produksjonen vår 😂


Masse godt som skal i rødkålen, det er berre å glede seg. 


Pakking unnagjort 9. desember 


Så var det surkål en sin tur den 10.desember.

Det var så langt eg kom, kanskje eg har fått ferdig albuen fra 2020 til neste gang, og kan vise resten då. Ønsker dere alle ei fortsatt fin og koselig førjulstid. 

DT-Annelen 






1 kommentar: