mandag 6. oktober 2014

Den nye Project Life appen


Eg er av dei som har venta på denne appen heilt sidan Becky Higgins nevnte at den var under arbeid, så derfor var eg raskt ute med å kjøpe den då den blei lansert i september. Foreløpig fins den berre som app for Iphone/Ipad, men den vil etterkvart komme til android også (men det tar lenger tid og det er dyrere å lage android-apper)

I denne appen kan man enkelt lage foto-kollasjer og Project Life sider. Nokre templates, kit og kort følger med i appen, mens andre kan kjøpast. Det vil også bli lagt ut fleire nye kit kvar måned framover.



Sånn bruker eg appen:
Eg har ikkje begynt å bruke den fast enda, foreløpig har eg berre laga nokre temasider bla. fra eit par fjellturer vi har vore på. 
Eg liker å scrappe "vanlig" der eg kan kose meg med bilder, papir og pynt, men det skjer så mykje i kvardagen (eg har jo bla. fire barn i heimen) så eg får desverre ikkje gjort dette så ofte som eg ønsker. Bildene hoper seg opp og tar tid å få i album. Med denne appen kan eg enkelt og raskt lage ei PL side og deretter framkalle dei som 12x12 sider eller i ei fotobok.
Og når eg ser at eg har tid og lyst til å holde på med papir-scrapping så har eg jo alltids massevis av bilder liggande til dette.

Eg har kjøpt ein del digitale Project Life- kit, så istedet for å kjøpe mange kit i appen så har eg heller lagra favoritt-korta mine i dropbox og kan lett ta dei fram derifra når eg vil bruke dei.

Eg framkalla nylig 12x12 sider som eg har laga i appen. Eg sendte dei til Persnickety Prints då dei hadde tilbud, så no venter eg spent på å få dei i posten :)



Mi meining om appen:
  • Eg liker det meste med Project Life og også denne appen. Den kan hjelpe meg med å få bildene mine raskere framkallt og samtidig er dei då fiks ferdige til å sette i ein 12x12 fotolomme.
  • Det er litt dumt at man ikkje kan skrive på pyntekort og bilder i appen (kun på tekst-korta). Men dette kan man jo gjere i andre apper før man bruker dei i PL appen. 
  • Nokre bilde-redigeringsalternativ fins i appen. Eg kunne tenkt meg fleire, men no er jo dette ein app til å lage PL sider i og ikkje ein som er laga for å redigere bildene (dette kan eg også gjere i andre apper før eg bruker bildene i PL appen).
  • Eg har opplevd at appen har kræsja når eg har holdt på med ein spesiell template eller panorama-bilder, men det vil forhåpentligvis endre seg etter ei app-oppdatering.

Desse gamle bildene og korta (fra Cinnamon-kit'et) hadde eg liggande i Dropbox og fann lett fram til dei når eg var i Project Life appen. Eg har scanna bilder fra oldemor og bestemødre sine album, så eg skal lage eit album med bilder som har med slekta mi å gjere.

PL sidene eg har vist i dette innlegget er laga i Project Life- appen, eg har også laga nokre kollasjer. Desse kan settast inn i ei PL side i appen eller framkallast som eit bilde:





Lær meir om appen og korleis den fungerer:

~ DT Linda S ~



1 kommentar:

  1. Ser ju himla käckt ut, men själv har jag "naturligtvis" en android-telefon. Typiskt.

    SvarSlett