tirsdag 14. oktober 2014

Oppbevaring hos Linda S

Eg har holdt på med Project Life i 3 år og etterkvart som det har komt fleire PL produkter for salg så har også hobbyrommet mitt blitt meir og meir prega av det. 


I denne skuffa blei dei første PL-tinga mine plassert (som heimelaga kort og mitt første Cobalt Core kit), men etterkvart har tinga spredt seg meir i heile rommet. 


I denne kurven har eg diverse temakort-pakker.


I boksen til venstre oppbevarer eg basic tekst-kort, og i boksen til høgre oppbevarer eg pyntekort. Begge er inndelt etter farge. Eg har også ein boks der eg oppbevarer tema-kort til td. jul, bursdag, årstid o.l.


Sidan eg lager eigne album for reiser vi er på så har eg ein del kort og pynt som passer til temaet "reise" og "sommer". Eg bruker ofte isbokser til oppbevaring av kort, og i ein av dei har eg samla sommerlige kort.  Når eg har mykje pynt innen eit bestemt tema bruker eg ofte zip lock poser i ulike størrelse til å oppbevare dette i. I denne posen oppbevarer eg kort og pynt innen temaet "reise".


I nokre zip lock poser samler eg pynt som passer til eit bestemt Core Kit, mens andre som sagt er inndelt etter tema. Desse to er inndelt i temaene "sommer" og "jul/vinter".


Eg har nokre Crop in Style-mapper som eg bruker til diecuts og klistermerker. Då eg skulle lage babyalbum til minstejenta fyllte eg ei mappe med dette og anna pynt som kunne passe i babyalbumet.


Diecuts, klistermerker, tags o.a til babyalbumet i Crop in Style.


Clip it Up'en har blitt brukt til diverse pynt som eg sjelden brukte, så derfor bytta eg ut den gamle pynten med pynt til PL albuma mine. Her har eg bla. stempel, alfa-klistermerker og andre klistermerker.


Ein alt-mulig-boks til diverse pynt og stæsj.


Mønsterark som høyrer til Core kit'ene, eller som matcher desse, oppbevarer eg i denne veska fra Panduro.


On-the-go veska mi, som brukes både når eg er på hobbyrommet og som er enkel å ta med seg i stova når eg held på med PL albuma mine der. Når eg set inn bilder i albuma eller skriv tekster (som eg tidligare har notert på iphonen) så sit eg gjerne i stova sammen med ungane. Når eg pynter i albuma liker eg å sitte på hobbyrommet der alle pyntetinga er.
Oppi denne veska har eg det eg trenger av penner, tusjer, saks, eit lite utvalg tekstkort (gjerne fra Core kit'et eg bruker), tags, saks o.l.

Dette var eit innblikk i korleis eg oppbevarer litt av Project Life tinga mine. Viss du vil sjå bilder fra hobbyrommet mitt og litt andre oppbevaringsmåter så har eg skreve nokre innlegg om dette på min eigen blogg her : Lindas sted- Hobbyrom.


~ DT Linda S ~

2 kommentarer:

  1. Tack för att ni bjuder oss alla på besök i era härliga pysselrum med fina lösningar för förvaring!

    SvarSlett
  2. Så flink du er til å organisere etter tema :)

    SvarSlett