søndag 17. mai 2020

Feriemodus

Idag er det eg DT-Annelen som skal komme med litt inspirasjon på nasjonaldagen. Eg har valgt å fortsette med ferien 2014, dette er ei side fra vi starta på turen. Litt bilder fra Lærdal og ein stopp midt på natta for å ete litt. Vi skulle kjøre til Gol, men kom litt seint igang og rakk ikkje campingplassen før dei stengte, så då kjørte vi så langt vi orka. Huska ikkje heilt kor vi stoppa for matlaging, men vi tok oss ein sovestopp ved Noresund og fekk sove litt i bilen...


Håper alle får ein fin feiring av 17.mai til tross for at den ikkje blir som vanlig i år. Gratulerer med dagen :)
Bli gjerne med på utfordringa vår washitape

DT-Annelen

4 kommentarer: