onsdag 15. juni 2022

Praha

Idag skal eg, DT-Annelen, vise to sider frå Praha. Eg fortsetter å grave i gamle bilder... Jammen er det godt å få unna desse bildene og 🙂

Eg er usikker på kva slags kit eg har brukt denne gangen...


På den første siden har eg brukt alfabetet Abigail frå QK, klistermerker er frå Papirdesign. Stempel, sommer, er eg usikker kor er i frå... 
Eg klarte jo å skrive feil på korta og, så fant eg ikkje noko å rette det med... Så eg måtte klippe ut litt kartong for å skjule det... 
Står og nokre tomme skrivefelt, men kom rett og slett ikkje på kva eg skulle skrive. 


Side nummer to er frå den astronomiske klokka, og eit bilde frå Karlsbroen. Her har eg stempla tannhjul, då eg tenkte det kan passe til ei slik klokke...  


På dette kortet har eg brukt ei klokke dies, som eg trur er frå Nellie

Her ser dokke ein kortet eg har brukt tannhjulstempelet på. Litt usikker på om det blei så bra, men hadde ikkje tid å rette på det... Så slik blei det. Stempelet er frå Joy.

Det var det eg hadde for no, ønsker alle ein fin sommer. Det er kanskje nokon som begynner på ferie snart, nyt den 🙂

DT-Annelen 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar