onsdag 2. august 2023

Ferie

Heisann, idag er det eg, DT-Annelen, som skal vise ei ferieside. Enda ikkje ferdig med bilda frå i fjor... Men kanskje eg blir ferdig med dei snart. Håper alle har ein fin sommer, her er ferien nett begynt og det skal jammen bli godt.

Sida eg viser idag er frå Valdresflya, vi tok oss ein dagstur dit og Beitostølen, og for ein nydelig tur, og utsikta var fantastisk. 

Dei to PL korta eg har brukt er i frå Becky Higgins "Explore edition", klistermerker med tekst er frå Papirdesign.


Alfabetet som eg har brukt er frå Simple Stories.

Det var det eg hadde idag, ha ein fortsatt fin dag og sommer. 

DT-Annelen 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar