Dette kan bli spennande, eg skal vise kordan vi kan bruke Fuse toolen i Project life. Må innrømme at eg ikkje har brukt den så masse. Men håper du kan få nokre ideer om kordan den kan brukast.
Eg pleier alltid å ta med meg brosjyrer og kart heim igjen når eg har vore på tur. Planen er at dei skal vere med i albumet. Men lommer og slik er ofte for store, slik at dei blir liggande å slenge og faller ut, men så kom eg på at det kan eg jo bruke fusen til, og tilpasse lommen til det som skal inni.
Eg la brosjyra inni lommen eg skulle bruke og tilpassa lommen. Brukte deretter ei glassmatte og la linjalen som følgte med fusen oppå lomma. Her ser dere utgangspunktet
Her har eg lagt lommen på glassplata og følger linja på glassplata. Eg brukte tape på lomma slik at eg var sikker på at den låg i ro når eg begynte.
Skjærte berre vekk oppe og nede på lommen. Limte sammen sjølve lommen før eg skjærte vekk resten.
Då er det berre å håpe at den holder sammen når eg er ferdig... Testa på ein liten flipp av det eg skjærte av, om fusen var varm nok og limte det sammen.
Her er ferdig resultat. Dette skal eg jammen gjør med alle dei andre eg har tenkt har vore kjekt å ha.
Det er og kjekt at man kan lage den størrelsen man vil på lommene og, om man har bilder som ikkje passe i dei du har, kan du lage eit eget design på lomma. Men det er viktig at man tenker at man skal lage til både framsida og baksida på lomma. For når det er limt sammen går det ikkje an å ordne baksida, uten å rive det oppatt. Her har eg brukt ei lomme som er til LO og laga "rutene" sjøl og ei med litt pynt i. Her glømte jo eg å pynte trekanten på baksida...
Eg delte eine "rommet" i ein trekant, der eg har tatt litt paljetter i som pynt, og her glømte eg jo baksida...
Håpa dere har fått litt inspirasjon til å bruke fusen. Og lært ka dere ikkje må glømme... Ha ein fin dag:)
DT-Annelen
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar