onsdag 23. september 2015

"Week in the Life" i Project Life appen

Ali Edwards har med jevne mellomrom eit prosjekt ho kaller "Week in the Life". Dette går ut på å "fange" kvardagen med foto og ord gjennom ei heil veke. Eg har gjort dette prosjektet fleire gonger dei siste åra, og den gongen minstejenta var baby gjorde eg dette fleire gonger i året for å dokumentere denne herlige, men travle, babytida best mulig. Nokre av vekene har komt i album (vanlige fotobøker), mens nokre av vekene fortsatt ligg på vent. Men det er heilt greit. Eg har det eg treng av bilder og tekst, og lager bøkene når eg får mulighet til det.

I juni i år gjorde eg prosjektet igjen og bestemte meg for å prøve å gjere det på ein enda enklare måte sidan eg no hadde Project Life appen tilgjengelig. Eg tok kun bilder med iphonen. Eg brukte appene "Collect" og "Shot MeMo" for å skrive tekst til nokre av bilda og få med klokkeslett (for tekst er ofte det eg synest er kjedeligast å skrive inn i etterkant, men samtidig er det så viktig (for meg) å ha med). Og kvar kveld (eller dagen etter) laga eg ferdig albumsidene i Project Life appen. Då var det fort gjort å sette desse sidene inn i ei fotobok og framkalle den då veka var over.

Her er nokre glimt fra boka. Pga at eg ikkje vil dele alt av bilder og personlige tekster på nettet så har eg måtta "blur'e" bildene litt. Men eg håper dere kan få litt tips og ideer til korleis og kva man kan dokumentere.

Frukost- og morgonstund i heimen. Vi et frukost, barnas mobiler ligg tilgjengelig (spent på kva vi kjem til å synest om designet deres om nokre år), ungane går til bussen, eg handler på lokalbutikken m.m.

Dei fleste tekstane er under bilda, i tillegg har eg brukt eit 4x6 kort til den resterande teksten som eg ville ha med.

Eg tok bilder av mykje av det som skjedde i heimen, og små detaljer vi hadde rundt oss.

Her er mange bilder med tekst under, dei blei laga i "Shot MeMo" før eg satte dei inn i PL sida.

Her er fleire av sidene, rett fra Project Life appen:
Huset vårt som blei påbygd i sommer, og herlige minner fra ein nydelig sommerdag.

Det øverste bildet er ein kollasj av bilder som eg fekk av dattra mi etter at ho og vennene hadde vore på båttur.
"If you have a family..."-sitatet er eit bilde eg fann på nettet.
Og nederst er det bilder av ei oppdatering av Minecraft + eit av sønnen min sine kreasjoner i spillet.



Den første Week in the Life-boka mi eg laga er fra 2010 og det er så herlig å sjå på alle dei små og store detaljene som var i livet vårt den gongen, før minstejenta kom til verden og då dei eldste var mykje mindre (den er ikkje laga med PL-metoden). Og om nokre år kjem årets bok til å føles like verdifull.

Eit påminnende sitat til slutt "Alle desse dagene som kom og gikk, ikke visste jeg at de var selve livet".


~ DT Linda S ~


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar