Viser innlegg med etiketten DT-Linda S. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten DT-Linda S. Vis alle innlegg

tirsdag 20. oktober 2015

Takk for meg

Eg vil med dette seie takk for meg som DT i denne fine bloggen. Eg har vore med sidan april i fjor, og eg har fått dele litt av min lidenskap for Project Life. Det er ikkje så kjekt å måtte gi seg, men man har ikkje alltid tid til alt man har lyst til... og man må då ta nokre valg og velge vekk noko. Eg kjem til å fortsette med Project Life, og kjem nok til å dele litt av dette på min eigen blogg. Så følg meg gjerne videre der; Lindas Sted

Her er ein liten kavalkade av innlegg eg har bidratt med:
















Her er link til alle mine innlegg: DT Linda S

Takk for meg, helsing Linda S


onsdag 7. oktober 2015

Byttekit til Linda S fra Jorunn

Eg var så heldig å få dette flotte kit'et fra Jorunn, og her er 3 av sidene eg har laga:

Eg brukte kit'et til bilder fra ein ferietur vi var på for nokre år sidan.


Litt detaljer:

--------------------



Detaljer:

---------------------



Ein av detaljene:


Tusen takk Jorunn for det herlige kit'et eg fekk! Det var nok litt utfordrende mtp. at det var farger og litt pynt som eg ikkje bruker så ofte, og eg er jo ikkje den som lager dei mest kreative sidene. Men eg fekk no brukt litt av det ;)


~ DT Linda S ~

torsdag 24. september 2015

På Cruise i karibien

Snart avreise

Tidligere viste eg dere bilder fra turen vår til Florida og ein tur i Downtown Disney. Etter ei veke med opplevelser på land dro vi på cruise. Desse sidene er laga i Photoshop med templates og kits fra Digitalprojectlife.com, i tillegg til litt andre digitale element som eg har pynta med her og der.

Bildene hjelper oss å hugse litt av alt vi såg og opplevde på turen, alt fra små detaljer til artige ting vi fann på.

Den første dagen på cruise var full av nye inntrykk

Nokre dager var vi i land der det var mange utflukter å velge mellom.

På dei nederste bilda har eg brukt digitale overlays

Flotte badeanlegg på skipet :)

Dette var eit lite knippe av Cruise-minnene våre.

~ DT Linda S ~



onsdag 23. september 2015

"Week in the Life" i Project Life appen

Ali Edwards har med jevne mellomrom eit prosjekt ho kaller "Week in the Life". Dette går ut på å "fange" kvardagen med foto og ord gjennom ei heil veke. Eg har gjort dette prosjektet fleire gonger dei siste åra, og den gongen minstejenta var baby gjorde eg dette fleire gonger i året for å dokumentere denne herlige, men travle, babytida best mulig. Nokre av vekene har komt i album (vanlige fotobøker), mens nokre av vekene fortsatt ligg på vent. Men det er heilt greit. Eg har det eg treng av bilder og tekst, og lager bøkene når eg får mulighet til det.

I juni i år gjorde eg prosjektet igjen og bestemte meg for å prøve å gjere det på ein enda enklare måte sidan eg no hadde Project Life appen tilgjengelig. Eg tok kun bilder med iphonen. Eg brukte appene "Collect" og "Shot MeMo" for å skrive tekst til nokre av bilda og få med klokkeslett (for tekst er ofte det eg synest er kjedeligast å skrive inn i etterkant, men samtidig er det så viktig (for meg) å ha med). Og kvar kveld (eller dagen etter) laga eg ferdig albumsidene i Project Life appen. Då var det fort gjort å sette desse sidene inn i ei fotobok og framkalle den då veka var over.

Her er nokre glimt fra boka. Pga at eg ikkje vil dele alt av bilder og personlige tekster på nettet så har eg måtta "blur'e" bildene litt. Men eg håper dere kan få litt tips og ideer til korleis og kva man kan dokumentere.

Frukost- og morgonstund i heimen. Vi et frukost, barnas mobiler ligg tilgjengelig (spent på kva vi kjem til å synest om designet deres om nokre år), ungane går til bussen, eg handler på lokalbutikken m.m.

Dei fleste tekstane er under bilda, i tillegg har eg brukt eit 4x6 kort til den resterande teksten som eg ville ha med.

Eg tok bilder av mykje av det som skjedde i heimen, og små detaljer vi hadde rundt oss.

Her er mange bilder med tekst under, dei blei laga i "Shot MeMo" før eg satte dei inn i PL sida.

Her er fleire av sidene, rett fra Project Life appen:
Huset vårt som blei påbygd i sommer, og herlige minner fra ein nydelig sommerdag.

Det øverste bildet er ein kollasj av bilder som eg fekk av dattra mi etter at ho og vennene hadde vore på båttur.
"If you have a family..."-sitatet er eit bilde eg fann på nettet.
Og nederst er det bilder av ei oppdatering av Minecraft + eit av sønnen min sine kreasjoner i spillet.



Den første Week in the Life-boka mi eg laga er fra 2010 og det er så herlig å sjå på alle dei små og store detaljene som var i livet vårt den gongen, før minstejenta kom til verden og då dei eldste var mykje mindre (den er ikkje laga med PL-metoden). Og om nokre år kjem årets bok til å føles like verdifull.

Eit påminnende sitat til slutt "Alle desse dagene som kom og gikk, ikke visste jeg at de var selve livet".


~ DT Linda S ~


tirsdag 25. august 2015

Project Life kit fra Scrapomania


Denne måneden var eg den heldige som fekk eit kit fra Scrapomania

Dette var eit nydelig kit med mykje gull og glam, bla. mønsterark, kvit kartong, ein pakke PL kort og diverse pynt. I kit'et var det også to "fotolomme-sider" fra Becky Higgins (design A og H)... To av mine favoritt-lommer :)

Design H er ei halv Design A-side. Her ligg dei ved sidan av kvarandre sånn som eg kjem til å ha dei i albumet.

Eg måtte tenke meg litt om då eg skulle finne bilder til dette kit'et og enda opp med bilder som eg tok av minstejenta då ho var 11 måneder. Eg likte å ta bilder av detaljer, og spesielt av små og lubne bein som ho etterkvart ville vokse av seg. Sidan eg ofte bruker mest rosa og lyse farger til babybildene så var det litt utfordrande å bruke gull og mørke farger denne gongen.

Her ligg Design H oppå Design A-sida (til venstre) og då kan man nesten ikkje sjå at det er to separate sider.

Baksida av Design A-sida.
Det første året tok eg bilder av minstejenta kvar måned sammen med ekorn-bamsen hennar.


Detaljer:
Eg delte Y'en i to. Den øverste delen er limt på bildet, mens bunnen er limt utanpå fotolommen. 

Nokre gonger synest eg korta blir litt voldsomme så då bruker eg gjerne litt pynt oppå for å roe det ned. Eg markerte gull-ordet ved å tegne svarte kanter rundt det.

Pil med bling på

Tusen takk Scrapomania for det herlige kit'et eg fekk prøve!

~ DT Linda S ~



fredag 21. august 2015

Ein dag i Downtown Disney

Downtown Disney er eit kombinert spise- shoppe- og underholdningsområde i utkanten av Walt Disney World.

Fleire sider fra Florida fotoboka, denne gongen fra dagen vi var i Downtown Disney. Heile Usa turen var ganske magisk og det var mange inntrykk å fordøye. Eg tok mange bilder, både av små og store ting, og det er eg glad for... for når kvelden kom så hugsa vi ikkje halvparten av alt vi hadde sett i løpet av dagen.

Det var mykje fint å sjå på



Butikkene var fantastiske og eit eldorado for både små og store









Mange bilder = mykje jobb og mange fotobok-sider. Men det er verdt det når ungane ser i albuma og koser seg med minnene fra turen. Då hugser dei plutselig både den eine og den andre opplevelsen, og dei ser også minner fra ting vi og dei gjorde sammen... bla. at dei kosa seg i bassenget ilag, at dei leika og oppdaga ting ilag ol... Dette blir meir og meir viktig for meg å ta vare på no når dei er blitt eldre og ikkje leiker sammen sånn som dei gjorde då dei var mindre.


~ DT Linda S ~ 

torsdag 20. august 2015

Fotobok med Floridabilder

Vi elska huset og bilane våre

For nokre år sidan var vi i Florida. Eg har laga tre fotobøker fra den turen; to kronologiske på Project Life måten (ei om cruiset og ei om dagane på land) og ei som er laga i Fotoknudsens fotobok-program (denne er om parkene vi var i). Her er eit lite knippe sider fra ei av bøkene:

Ein dag i Magic Kingdom

Sidan eg laga ei eiga bok om parkene vi var i så laga eg kun ei side fra parkene til den kronologiske fotoboka fra turen.

På nyttårsafta var vi i Sea World

Sidene til bøkene har eg laga i Photoshop ved å bruke templates og Project Life kort (dei fleste fra Becky Higgins). Sidene lagra eg som .jpg filer og sette dei inn i ei kvadratisk fotobok før eg framkalla den.

Vi hadde god utsikt fra der vi budde så vi fekk med oss Disneyparkenes fyrverkeri kvar kveld.

Ein dag i Epcot

To skjønne prinsesser

Det var mykje å sjå og oppleve i Usa, også langs veiane

Det tok nokre år før eg fekk bildene mine i fotobok så det var ein herlig følelse den dagen eg endelig hadde bøkene i hendene. Ved å lage sidene som bilder før eg framkalla dei i ei bok gjer at eg også har ein backup av sidene dersom noko skulle skje med boka eg har. 


~ DT Linda S ~