søndag 13. mars 2022

Gamle ferieminner

I dag er det min tur å komme med litt inspirasjon her på bloggen, denne gangen har eg gravd eit stykke ned i bildebunken.... Eg ligger etter med så og sei alle bildene mine.... Så det var på tide å lage nokre sider av desse bilda

Denne gangen blir det nokre sider fra sommeren 2015 og ein Danmarkstur. Vi hadde med Camp-let'en vår

Den første sida er frå turen frå Larvik til Hirtshals, her kosa vi oss med god mat og avslapping. Her har eg brukt klistermerker frå Kaiser craft som passa heilt perfekt til sida og alfabete er frå October Afternoon


Her på den andre sida er vi komt over til Danmark, då kjørte vi ikkje så langt før vi overnatta på Sindal camping. Her har eg brukt washi tape, stjerna er laga med eit kort frå kitet eg har brukt. For oss er ferie tid for å grille, så det måtte vi gjere når vi kom fram :) Så hadde dei nokre veldig koselige geiter på campingen


På den siste sida har eg dokumentert ein dag i camp let'en. Når vi fekk Camp-Let'en kjøpte eg meg ein Omnia steikeovn, som kan brukas på gassbrenneren, då fekk vi oss "nysteke rundstykker" til frukost. Mitt beste kjøp til campingtilværelsen :) Middagslaging må og til sjølv om vi er på ferie og ofte blir kveldane avslutta med  eit eller anna spill, denne kvelden blei det LUDO :) Og vinneren blei jo sjølvsagt sambuaren, så då passa diesen happy :)


Her er Core kitet eg har brukt, Becky Higgins Coral edition


Det var det eg hadde for i dag, håper alle har ein fin søndag

DT-Annelen

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar