Viser innlegg med etiketten DT-Mona E.. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten DT-Mona E.. Vis alle innlegg

torsdag 23. mars 2017

Helgetur til Slåtterøy Fyr.

Hei :-)
I dag vil eg vise ei side der eg ikkje har brukt ferdige PL-kort.
Sjølv om eg har ein heil haug med kort, så er det ikkje alltid dei passer til bildene. Og då er det berre til å bla i bunken med mønsterark. Eller laga bakgrunnen sjølv, som eg har gjort her med
tittelkortet. Det er malt med akvarellmaling. Det same arket, har eg og brukt som bakgrunn til
forskjellige stempla tekster. 


Mønsterarket er fra Kort & Godt. Det same er dei norske tekstane og dei raude bokstavane, som er stansa ut med dies.












                                          Det var alt eg hadde å vise for denne gong.
Klem frå DT- Mona E.


mandag 27. februar 2017

Follow your dream.


Hei! I dag er mitt første innlegg som DT i bloggen.
Eg blei så inspirert av februar-utfordringa, at eg ville laga ei side av det. Det blei ei maskulin side av min mann, som har fått ein av gutedrøymane sine oppfylgd. Å eiga sin egen Amcar....

Eg har brukt PL-kort frå Becky Higgins, "Good Times" og "Girl". I tillegg har eg brukt eit gult restepapir til det eine kortet.
Til pynt har eg brukt washitape, stickers, dotter og div. dies og tekststempel.




Washitape med asfalt-mønster og dekkmønster saman med nokre utstansa tannhjul, skulle vel passa godt til denne kjøredoningen...










Øsker alle ein fin dag :-)
Mona E.

lørdag 11. februar 2017

Presentasjon av ny DT - Mona.


Hei :-)
Mitt navn er Mona, eg er 71- modell, og er busatt på øya Stord i Sunnhordland. Her bur eg saman med mann og våre to døtre på 19 og 21 år.
Eg har halde på med scrapping i ca. 10 år. Begynte som kortlager, men dei siste to åra har det gått meir og meir over til Project Life.
Eg scrapper vekesalbum, i tillegg feriar og andre hendelser.
Eg har eigentleg ingen bestemt stil, men eg er veldig glad i å bruka fargar. Er vel litt pirkete og kan bruka veldig lang tid på ei side. Eg prøver å utfordra meg sjølv til å bli litt meir impulsiv, men det er ikkje alltid så lett nei...
Eg håper at eg som DT kan vera til litt inspirasjon for andre. Ta gjerne ein tur innom bloggen min HER. Der finn du både PL, kort, esker og anna type handarbeid som eg likar å halda på med.